Fjordingen fortalde i dag om eit bilde av ein sommarfugl i ein syrinblomst i august, sendt oss av Solbjørg Aasbrein.

- En neslesommerfugl fant nektar i denne syrinblomsten da vi besøkt Stryn i august. Sjelden at syrinen blomstrar to ganger i året! skreiv Aasbrein. No viser det seg at det ikkje berre er syrin i august som er oppsiktsvekkjande med dette bildet.

- Det som er endå artigare med bildet er at den avbildasommarfuglen ikkje er ein neslesommarfugl, slik det står skrive, menein sommarfugl som heiter admiral, seier Alfred Bjørlo til Fjordingen. Eidaordføraren, som har hovudfag i biologi med vekt på insekt, fortel at dette er noko så eksotisk som ein"trekksommafugl". Ein sommarfugl som ikkje overvintrar i Norge, men som flyg tur/returSør-Europa-Norge kvart år og tek overvintringa i varmare strøk. Sommarfuglen immigrerer sørfra om våren og legg egg i Norge, på si vandring nordover. Andre generasjon vert klekt i Norge utpå seinsommaren, i følgje Wikipedia.

- I år må det vere eit kron-år foradmiralsommarfuglen. Eg har sett dei i mengder både her på Eid, i Sogn og altsåogså i Stryn, seier Alfred Bjørlo.

Alfred Bjørlo, ordførar med kompetanse på insekt. Foto: Roy Aron Myklebust