Jenny Følling, noverande fylkesvaraordførar, toppar Senterpartiet si liste til neste års fylkestingsval, framfor Sigurd Reksnes frå Eid og Senterungdomen sin Alexander Øren Heen frå Årdal.  Per Kjøllestal frå Utvik er på 11. plass, medan hornindalsordførar Anne-Britt Øen Nygård er på 22. plass.

- Vi harprøvd å sette opp ei liste som alle delar av fylket oppfattar somei sterk og samlande liste, det meiner vi at vi har lukkast i,seier leiar av nominasjonsnemnda, Erling Sande.

- Vi har ønskje om å kombinerefornying med erfaring i det som blir ein krevjande periode ifylkespolitikken. Jenny Følling er mellom dei dyktigaste og mestaktive politikarane i fylket vårt i dag. Sigurd Reksnes har goderfaring frå lokalpolitikk, men er eit nytt og friskt blad ifylkespolitikken. Ungdomskandidat Aleksander Øren Heen er denfremste unge politikaren i fylket vårt no, og vi trur dette blirein sterk trio for valkampen neste år, seier Sande.

Rekkjefølgja på dei 10 første plassane er slik:

1. Jenny Følling – Gaular

2. Sigurd Reksnes – Eid

3. Alexander ØrenHeen – Senterungdomen / Årdal

4. Karen Marie Hjelmester – Sogndal

5. Gunn Åmdal Mongstad – Solund

6. Anders Ryssdal – Gloppen

7.Arnstein Menes – Balestrand

8. Ole Johnny Stubbhaug – Førde

9. GunnSande – Selje

10. Erlend Haugen Herstad – Senterungdomen / Naustdal