Nasjonal turistveg Gamle Strynefjellsvegen er ein av flerieturistvegstrekningar som er representert i boka Architektur und Landschaft in Norwegen,  ei ny, tysk fotobok om arkitektur i norsk natur.

Bilda er tekne av Ken Schluchtmann, som vart kåra til «Åretsarkitekturfotograf» i 2012 og 2013. I løpet av fem år har han i følgje Statens vegvesen køyrt over 20.000 km i Norge og jakta på unike motiv av spektakulærarkitektur i storslått natur. Resultatet ligg no føre i form avboka Architektur und Landschaft in Norwegen, som kjem i handelen i løpet av november.

Faksimile frå boka: Ved Flydalsjuvet. Foto: Ken Schloutmann, Architektur und Landschaft in Norwegen