Det vekkjer merksemd at to av fem kandidatar til prisen Årets gründer 2014 her i fylket kjem frå Stryn.  Men det er ikkje overraskande, meiner fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim:

- Stryn er den fjerde mest folkerike kommunen i Sogn og Fjordane, oger kjend som ein kommune med variert næringsstruktur og gründerånd.Det er såleis ikkje overraskande at her er to kandidatar frå Stryn. Men det er også veldig hyggjeleg: Det viser at unge menneske i frå Stryn ialle fall ikkje er redde for å ta tak og starte noko nytt, seier Heggheim, som legg til:

- Littspissformulert kan vi seie at det ser ut som det er lov å lukkast iStryn. Det er ei viktig haldning.

Vinnaren av Årets gründer får med seg 100 000 kroner som startkapital til nyskapinga si. Utdelinga er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge,  Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Framtidsfylket, og avstemninga er godt i gang på Framtidsfylket sine nettsider.

Vendanor, kandidat til Årets gründer 2014. På bildet Espen Førde, dagleg leiar Harold Wieldraaijer og montør Jozef Mazheik. Foto: Ove Sveen
Fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim. Foto: Gunnhild Sindre