Norges Livredningsselskap kjempar for at symjeopplæringa til skuleelevar også skal føregå utandørs. Målet er færre drukningsulukker. No får dei støtte på Stortinget.

- Nasjonen vår treng eit symjeløft som inkluderer opplæring i korleis ein skal berge seg sjølv og andre i utandørs vassmiljø, seier seier AbidQ. Raja, stortingsrepresentant for Venstre.

NorgesLivredningsselskap (NLS) er ein landsomfattende ideell organisasjonsom arbeider for å fremje kunnskap og ferdighet om sjølvberging, symjing, livredning og sikkerheit i vatn i Norge. Organisasjonen jobbar med opplysning og førebyggjande tiltak gjennom opplæring av publikum ogdet offentlege samt utdanning av instruktørar.

NorgesLivredningsselskap har over fleire år jobba for å betresymjeopplæringa i skulen. Hittil i år har 91 personar drukna i Norge. 90 av desse drukningsulukkene har skjedd utandørs, og undersøkingar har vist at berre halvparten av landets tiåringar er sikre symjarar, opplyser NLS.

Denne uken tok Raja opp norske barn si manglandesymjedyktigheit i Stortinget.

– Vi vil ha symjeopplæring utandørs.Vi er glade for at Venstre har sett saka på kartet for oss og atvi også har støtte frå Arbeiderpartiet og Senterpartiet for åbetre symjeopplæringa i skulen, seier Gard A. Bjørnstad,president i Norges Livredningsselskap.

NLS og Sætre skole i Hurum kommune har hatt utandørs symjeopplæring gjennomført innanfor eksisterande rammerog utan ekstra kostnadar, opplyser NLS. Då prosjektet vart avslutta, kunne 52 av 55 elevar symje og mestre sjølvberging i kaldt vatn.

- Symjeopplæringa må også føregå utandørs for å vere drukningsførebyggjande. Det er fullt muleg å ha symjeopplæring utandørs ved å bruke våtdrakter, seier Bjørnstad iNLS.

Norges Livredningsselskap krev no at regjeringa tek inn NLS, symjeforbundet og idrettshøgskulen sin definisjonen av symjedyktigheit tar inn i opplæringslova. Dette har støtte frå Venstre,Arbeidarpartiet og Senterpartiet, opplyser INLS.