- Vi har fått tilbakemeldingar om at det ikkje vert søkt om ayslmottak i Stryn kommune no. Det stadfestar ordførar Sven Flo overfor Fjordingen.

- Deler av formannskapet og administrasjonen har hatt kontakt med dei to aktuelle operatørane som har opplyst at det er uaktuelt å søkje no. Tidlegare fekk vi signal om at Faleide og Innvik var to stader operatørane ville vurdere ved ein eventuell søknad.

- Vi er veldig klare på at UDi må vere tidlegare ute og vere flinkare i dialogen med kommunane. Denne gongen gjaldt det mindreåringe asylsøkjarar (15-18 år) som skulle ha midlertidig opphald over 3-4 månader før utplassering i kommunane, seier ordføraren. I forhold til framtida, trur han kommunen vil få endå sterkare påtrykk med den situasjoen vi ser i Midt-Austen, i Afghanistan og enkeltland i Afrika.