Det vart ein spektakulær opningskonsert på den første Fjelljomfestivalen i historia. Publikum tok seg forventningsfullt fram i bekmørkret, utstyrt med lommelykter som gåve frå arrangøren. Og sjølv om det både regna og bles då publikum la i veg opp mot villmarksparken ved Nordfjord Fritidssenter, hadde vergudane tydelegvis bestemt seg for å spele på lag med arrangøren.. Så då folk benka seg kring bålet i området ved gapahuken, stilna vinden av og regnet gav seg, akkurat samtidig med at dei første, trolske tonane høyrdest frå den bekmørke skogen.

Aktørane var plasserte ut i mørkret forskjellige stader kring leiren, og i starten var dei langt unna, ute i mørkret ein stad. Etter kvart kom dei nærare, til dei i dei siste nummera var komne inn i skinet frå bålet og lyktene. Då fekk publikum også sjå kven dei var: Elin Grytting (vokal og dans), Oddbjørn Ramstad (torader), Einar Eimhjellen (munnspel), Vidar Underset (hardingfele og dans) og Arne M. Sølvberg (fløyter og hardingfele), samt dansarane Matias Hagen og Stine Fjellkårstad.

Det vart ei storarta oppleving for dei frammøtte, frå Elin Grytting tok dei første huldreaktige lokketonane langt ute i skogsmørkret, til frisk dans avslutta det heile i skinet frå bålet.

I dag held Fjelljomfestivalen fram med mellom anna guida tur til Sølvberg- og Bergsetnausta, ulike kurs i spel, song og dans og konsertar på både dag- og kveldstid, før det heile blir avslutta med dans i kveld.

Publikum benka seg forventningsfullt rundt bålet.