Det har plaska ned jamnt og trutt dei siste døgna i indre Nordfjord.

- Siste døgn har det falt 38,0 mm i Innvik, 38,9 mm på Stryn-Krokenog 37,6 i Hornindal. Vi har ingen data for i dag frå Oldedalen, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid frå Olden.

Så langti oktober har det falt 180,5 mm i Innvik (der finst det ikkje tal for "normalår"), 140,6 mm iBriksdal (normal 179 mm), 234,9 mm påStryn-Kroken (normal 185 mm) og 285,4 i Hornindal (normal 225), opplyser meteorologen.

- Korleis blir dagane framover? Er det verforandring i sikte?

- Imorgon, onsdag, blir det fortsatt skya med regnbyer, torsdag og storedeler av fredag blir det forbigåande lettare og kaldare ver, med nattefrost natt til fredag. Men frå fredag ettermiddag/kveld erdet venta mildver og regn igjen i fleire dagar. Så ingen grunn tilå finne snømåka enno, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid, som legg til:

- Snøgrensa i morgon blir 400-600 m, så slik sett er det litt snøer i vente.

Geir Ottar Fagerlid, statsmeteorolog frå Olden, fortel at det er meir regn i vente framover. Foto: Gunnhild Sindre