Lensmann Inger LillLanes har fått eitt års permisjon for å jobbe som lensmann ved Golog Hemsedal lensmannskontor, med funksjon som regionsleiar i regionNord i Nordre Buskerud politidistrikt. Det betyr at ho vertregionsleiar for politiet i Hallingdal og Nore og Uvdal. - Det vertspennande å vere regionleiar i ei tid der politiet er inne iomorganisering. Dette er ein region eg kjenner godt frå før. Eg varlensmannsbetjent i Hol i åtte år fram til 2006, seier Lanes tilFjordingen. Ho tek til i den nye jobben frå nyttår, i eitengasjement som er meint å vare eitt år. Lanes har vore lensmann iStryn og Hornindal sidan 2006, med eitt års avbrekk sometterforskingsleiar på seksjon for vald og seksualbrotsverk vedOslo politidistrikt.