Bødalsbreen er den breen i landet som minkar mest. Over to år har breen trekt seg 230 m tilbake, opplyser NVE (Norges Vassdrags- og Energidirketorat) i ei pressemelding.

NVE sine målingar viser at av 38 brear i Norge har 33 brear trekt seg tilbake i 2014, medan fem brear er uendra. Den årlege tilbakegangen i 2014 er blant dei største NVE har registrert, berre i 2006 var tilbakegangen noko større.  Og aller størst tilbakegang Bødalsbreen med 230 meter over to år, og Gråfjellsbrea ved Folgefonna med 120 meter.

Dei siste 14 åra har 24 målte brear hatt ein gjennomsnittleg tilbakegang på 270 meter. Men variasjonen er stor, opplyser NVE.

Bratte brearmar på vestsida av Jostedalsbreen har trekt seg tilbake 650-750 meter i perioden, medan breane i Jotunheimen har trekt seg tilbake 70 til 140 meter. Dei bratte breane har gått tilbake meir enn dei gjekk fram på  1970- og 1990-talet, medan dei fleste breane i Jotunheimen har trekt seg tilbake i over 100 år. Dei fleste breane i Norge er no mindre enn dei har vore på fleire hundre år. Berre Nigardsbreen på austsida av Jostedalsbreen er framleis litt større enn på 1980-talet, opplyser NVE.

Bødalsbreen. Slik såg han ut i 2011. Foto: Erling Briksdal/NVE