Sjå nøye på dette bildet. Eit triveleg sommarbilde? Nei, dette bildet av marihøna i blomsten er teke i dag, 21. november, i Innvik.

- Marihøne ein månad før solsnu, like opp under advent, det er ikkje noko vanleg syn, Alfred Bjørlo?

- Nei, det er uvanleg - og endå eit teikn på at klimaet er i ferd med å endre seg oppsiktsvekkande raskt, seier eidaordføraren, som har hovudfag i biologi og er i overkant interessert i nettopp insekt.

- Det finst faktisk over 50 ulike artar marihøner i Noreg, men dette ser ut som den vanlege sjuprikka marihøna, Coccinella septempunctata, seier Bjørlo. - Marihøna legg egg i mai/juni, går gjennom fleire larvestadium i løpet av sommaren og forpuppar seg i juli/august. Så kjem den nye generasjonen vaksne marihøner ut av puppa i august/september, og overvintrar i sovande tilstand som vaksne marihøner. Det gjer dei typisk nede i bakken beskytta av lauv og kvist, under steinar eller under barken på tre, i husveggar og liknande, seier Bjørlo.

- Dei "vaknar til liv" når temperaturen stig. Det skjer normalt når det vårast, men når mildveret kjem i november slik det gjer no, kjem dei ut før tida. Som oftast går dette bra - dei vil rett og slett krype i skjul igjen når det blir kaldare. Men det er sjølvsagt fare for at dei før den tid anten blir tatt av fuglar eller at kulden kjem så brått på at dei døyr - så trygt er det ikkje for småtassane..., seier Bjørlo, som legg til:

- Marihøna er eit flott syn, uansett årstid!