Utvalet for utvikling i Hornindal har i alt løyvd 405.000 kroner til snøproduksjonsanlegg i Hornindal skisenter.

- Dette er utruleg gledeleg, seier styreleiar Anne Raftevold til Fjordingen.Det var eit samrøystes vedtak som vart fatta onsdag kveld. Løyvinga vert dekka over næringsfondet.

Dermed er honndølene godt i gong med finansieringa av eit anlegg som er kostnadsrekna til over 2,7 mill. kroner. Ein million av dette er planlagt finansiert gjennom spelemidlar.

- I beste fall kan anlegget med to snøkanonar står klart vinteren 2016, seier Raftevold.

Teknisk tenkjer Hornindal skisenter seg vassinntak i elva med leidning opp til ein pumpestasjon på høgde med varmestova. Frå denne vil det gå to rørgater. Den eine til austre nedfart, den andre til heistrase. Ein transportabel snøkanon skal kunne nytte på kvar av dei to rørgatane. Dei kan også nyttast på skiskyttarstadion.