Helge Sunde frå Stryn er på veg til Tyskland for å vere dirigent under tidenes fødselsdagsfest, The Great Jubilee Concert i konserthuset i Stuttgart. - Det er Eberhard Weber, Stuttgarts store sønn og mellom anna Jan Garbarek sin faste bassist, som  fyller 75 og skal hedrast med "Life Achievement Award" og konsert, seier Helge Sunde til Fjordingen.

Sunde er altså henta inn som dirigent, og han får litt av eit stjernelag på scena: Pat Metheny, Gary Burton, Jan Garbarek, Paul Mc Candless, Danny Gottlieb og Scott Colley.

- I tillegg får eg besøk på podiet av Michael Gibbs, seier Sudne.

Pat Metheny har laga eit halvtimes-verk til jubileumskonserten.

- Dette har vi har sendt fram og tilbake mellom oss på mail og telefon dei siste vekene. No sit eg på flytoget og klyp meg i armen  på veg ned til Stuttgart for å øve med SWR BigBand som er vertsorkesteret, seier Helge Sunde.

I programheftet til jubileumskonserten har Sunde fortalt ei lita historie om då Eberhard Weber spelte med Jan Garbarek i Aulaen på Firda Gymnas i 1983:

"Då eg var 16 år gammal flytta eg heimafrå for å studere musikk på Firda Gymnas. Musikklinja hadde enno ikkje fått eigne klasserom så vi heldt til på sidescena i Aualen. Ein dag kom det ei jazzgruppe til bygda som lasta inn instrumenta sine mens vi pakka ut ranslane våre. Seinare på kvelden kom vi tilbake til konsert. Det var der og då eg fann ut at eg ville bli jazzmusiker og komponist for alvor. Gruppa bestod av Jan Garbarek, Eberhard Weber, David Torn og Michael De Pasqua."

- Livet blei aldri heilt det same etter den konsertopplevinga. Eg gjekk rundt i transe i fleire dagar, kanskje gjer eg det enno! seier Helge Sunde. Konsertane i Stuttgart er førstkomande fredag og laurdag.

- Eg klyp meg litt i armen, seier Helge Sunde. Foto: Arkivfoto