Yrineset i Oldedalen er ei naturperle, og serverings- og selskapsstaden er eit populært mål for turistar. I sommar fekk også eit filmteam augene opp for den vakre plassen. Då den teamet bak den tamilske filmen Kaaki Sattai skulle filme eit par songsekvensar, reiste dei til Norge for å finne eigna stader å filme. Silk gjekk det til at dei dukka opp på Yrineset.

- Vi visste ingen ting om det. Men moro at Yrineset kjem på film, seier Mariann Hilde Yri, som saman med mannen Magne driv Yrineset.

Kaaki Sattai er en tamilsk actionfilm regissert av R. S. Durai Senthilkumar. Filmen har premiere i februar.

Glimt frå filmen kan du sjå på denne videoen. (Dei små glimta frå Yrineset kjem eit godt stykke ut i videoen.)

Frå songscenene på Yrineset. Foto: Skjermdump frå video