3. klassingane ved Tonning skule har noko heilt spesielt: Denne veka fekk alle 52 elevane overrekt kvar si heiemstrikka lue med den klare bodskapen Mot mobbing som del av mønsteret. Gjett om jubelen stod i taket då John Anders Sørensen kunne overrekkje luene som mammaen Gro Anita hadde strikka.

- Eg fekk ideen frå systera mi som bur i Levanger, og som gjorde tilsvarande ved sin skule. Eg starta på strikkeprosjektet i november, og då eg hadde fått ferdig ti luer, bestemte eg meg for å strikke til alle 52 elevane på tredjetrinnet. Det var alle eller ingen, og berre ei klasse var ikkje aktuelt, seier Gro Anita.

Ho syntest det var kjekt å lage ei slik gåve til kvar enkelt som både varmar i den kalde årstida og som har ein viktig bodskap.

- Eg skal likevel innrømme at dei siste 20 luene var "seige". Eg brukte fem timar på kvar lue, men tok meg strikkefri i jula. Siste lua var ferdig for få dagar sidan, og eg gledde meg stort over å høyre den gode responsen frå elevane då dei fekk luene utdelt, fortel Gro Anita Sørensen.

Margun Lødemel, MOT-informatør og lærar ved Tonning skule, kan ikkje få fullrost det arbeidet den strikkeglade mor har lagt ned.

- Dette passar glimrande inn i det Tonning som ein såkalla Zero-skule står for. Vi har null-toleranse for mobbing og jobbar mykje med trivsel og det å leggje til rette for gode klassemiljø. Relasjon mellom born og vaksne er viktig - ikkje minst for å skape klima der det er trygt å seie i frå om ein ikkje har det greitt.

No står det Mot mobbing på alle 52 luene på tredjetrinnet. Slikt skapar samhald og minner oss alle om dei verdiane vi jobbar for. Dette var utruleg kjekt, seier Margun Lødemel.