Strynedamene spelte ein glimrande kamp då dei i kveld vann 23-21 over Os i Strynehallen. Stryn kjempa seg til 13-10 fram mot pause, men slutten av kampen vart spennande. Stryn var i leiinga 22-21 like før slutt og tok time out. Det resulterte i ei befriande scoring av Terese Vik Nygård og alle poenga var sikra.

- Jentene er blitt friske frå sjukdom og skader. Det har ført til større breidde og mange som kan lage mål. Dette er nok den største forklaringa på sigeren, seier trenar Gunnar Lindal Sigurdsson som no er nokså sikker på at Stryn skal greie seg i 2. divisjon.

Ana Patricia Correia vart toppscorar for Stryn med åtte mål  etterfylgt av Miriam Lefdal med seks.