No er tannbehandling med laser blitt muleg. Først og fremst er det dei unge som kan få tilbod om nyvinninga. Behandlinga er særleg godt eigna for unge som ikkje greier å gjennomføre vanleg tannbehandling med boring, skriv fylkeskommunen på sin heimeside.

Sogn og Fjordane fyllkeskommune er mellom dei første i landet som tilbyr denne type behandling til unge.

Behandlinga er bortimot smertefri. Laseren er eit kraftig forsterka lys og gjev ikkje vibrasjon, lyd eller auka temperatur når tannsubstans vert fjerna, skriv fylkeskommunen.