Fleire lokale utøvarar vart dobbelt vestlandsmeistrar i skiskyting etter sprinten laurdag og normalen søndag. Magnar Lødemel, Hornindal var ein av dei. Vidare Gaute Bø og Håkon Midthjell Gjørven. På jentesida vann Emilie Flo Stavik og Ann Kristin Aaland begge dagar (sprinten og normalen) i høvesvis klasse 12 og 11 år.

Nordfjord med Markane og Stårheim i spissen dominerte meisterskapen i det nye fine anlegget i Volda og fekk mange triumfar og gode plasseringar.

Aksel Meland vart også vestlandsmeister søndag. Laurdag  var han eitt fattig sekund frå tittelen.

Aksel Meland på toppen i normalen. (Foto: Team Statkraft Nordfjord)