Forfattar Henning Sørensen frå Stryn har dei siste vekene skrive påein ny roman, der mykje av historia er lagt til Berlin i åra før andre verdskrigen.Kva er då meir naturleg enn å legge skriveprosessen til nettopp dentyske hovudstaden?

- Opphaldet i Berlin går mot slutten, og det havore nokre interessante veker, seier Henning Sørensen tilFjordingen. Forfattaren, til dagleg busett i Stavanger, kom i haustkom med oppvekstromanen Utveier med handling frå Stryn på 80-talet. Etter denne utgjevinga har han sett av eit år til å vereskrivande på heiltid.

- Stavanger kommune eig ei kunstnarleilegheiti Berlin. Denne vert tildelt profesjonelle kulturaktørar for opptilein månad. Eg har hatt gleden av å bruke denne no i februar, seierSørensen.

- Korleis har denne skriveperioden vore?

- Det har voremidt i blinken for det prosjektet eg har byrja på no. Det er einroman med ei handling som går frå 1935 og utover. Romanen føregår iBerlin, Bergen og Stryn. Eg veit ikkje heilt om det blir einkriminalroman, men har har element fra sjangeren, seier Sørensen,som tidlegare har hausta glimrande kritikkar for debutkrimmenDommeren.

- I Berlin har eg gjort research og leita etter staderder handlinga kan føregå. Litt tilfeldig har eg hamna akkurat påriktig plass i Berlin. Stavanger kommune si leilegheit ligg i eisidegate til Kurfyrstendam, og det var her det var naturleg å leggehandlinga, seier Sørensen, som fortel at utagangspunktet forromanen er ein kusthandlar i Fasanenstrasse.

- I tida før nazistanetok makta var her eit velståande område, med eit utsvevandekunstnarliv og eit betydeleg jødisk innslag. Ikkje akkuratnazistane sitt favorittområde. Her byrjar historia om ein ungkunstnar frå Bergen, med røter i Stryn, seier Henning Sørensen. Hanvedgår at han har bevega seg ut i ukjent farvatn med denne romanen.

- Til no har eg skrive om ting eg har greie på, og frå miljø egkjenner. Eg kom ned her med ein sterk følelse av at eg hadde tekemeg vatn over hovudet, men etter å ha vore her ei stund byrjar tingå falle på plass. Det har dessutan vore ganske interessant å vere isi eiga boble døgnet rundt. Ingen jobb eller familie som krevoppmerksomheit. Her har eg tenkt skriving 24/7, seier forfattaren,som no skal ta steget ut av «bobla» og set kursen heim mot Norge.