Kommunal- og moderniseringsdepartementet har fått laga ei innbyggjarundersøking til bruk i samband med kommunereforma.

– Med dette verktøyet kan kommunane høyre kva som er viktig for innbyggjarane i arbeidet med kommunereforma, sier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding frå departementet.

- Kommunereforma handlar om korleis vi kan skape betre velferdstenester, og då er det viktig å involvere innbyggjarane, seier Sanner.

Departementet har fått utarbeidd ei innbyggjarundersøking som m.a. inneheld spørsmål om samanslåingsalternativ og kva som er viktig for innbyggjarane i reformarbeidet. Opplegget må tilpassast lokale forhold, og kommunane kan sjølve legge til spørsmål knytte til lokale behov.

- Dette vil gje kommunestyra eit betre avgjerdsgrunnlag enn det som er muleg i ei rågjevande folkerøysting, seier Sanner. Han peikar på at dette gjer det muleg for kommunane å spørje kva innbyggjarane meiner om velferdstenester som skular, barnehagar og sjukeheimar.

Departementet har inngått rammeavtalar med eit utval selskap som kan utføre innbyggjarhøyringa for kommunar som ønskjer det.

Alle kommunar som går gjennom reformprosessen og gjer kommunestyrevedtak innan 2016 får utbetalt 100.000 kroner som støtte til informasjon og folkehøyring. Kommunane kan sjølve velje korleis dei vil gjere dette arbeidet.

- Vi anbefalar innbyggjarundersøkinga for ho gjer det muleg å spørje innbyggjarane om ikkje berre ja eller nei til samanslåing, men også kva dei tenkjer om velferdstilboda. Men det er opp til kommunane sjølve å velje, seier Sanner.