Ein heil dag på jobb med ein sjåfør frå Thor Tenden Transport er noko av det sjåarane kan oppleve i Norge Rundt på NRK1 i kveld. Sjåfør Geir Elling Nyland fraktar kraftfôr frå Ottadalen Mølle i Lom til kundar på Vestlandet, og eit reportasjelag frå NRK var med frå han starta på turen til Lom om morgonen til han hadde levert kraftfôret hjå kundane på ettermiddagen, skriv avisa Fjuken på nett.