Språkrådet har slege fast at ferjer i nynorskområde skal bruke nynorsk, skriv Framtida.no.

– Dette er rett og rimeleg, seier Fredrik Hope, nordfjording og sentralstyremedlem i Norsk Målungdom i ei pressemelding.

Det var Norsk Målungdom som sette krav om at ferjene i nynorskområde skal bruke nynorsk språk. Dette hende etter at Norsk Målungdom hadde reagert på at ferjene på Anda-Lote og Lavik-Oppedal nytta bokmål.

– Språkrådet har slått fast at Mållova gjeld "både til lands og til vanns", seier Fredrik Hope.