Det vart "berre nesten" for Anders Fannemel i storbakken i Falun.

- Han er så nær, så nær, sa NRK sin ekspertkommentator Johan Remen Evensen om honndølen, som tok ein sjuandeplass i VM-storbakken.

I første omgang hoppa han nest lengst av dei norske, 129 m, noko som plasserte han på ein 6. plass då omgangen var ferdig.

- Bra hopp. Eg måtte jobbe veldig over kulen, sa Anders Fannemel sjølv til NRK. Vinden varierte ein god del i storbakken på Lugnet, og Anders Fannemel var ein av dei som hadde ein god porsjon sidevind over kulen.

- Godt hoppa. Han er absolutt på skothold, fastslo NRK sin ekspertkommentator Johan Remen Evensen.

Tyske Severin Freund hoppa lengst i første omgang, 134 m under relativt tunge forhold, og tok leiinga framfor Anders Bardal, som hadde eit hopp på 131,5 m.

Speaker i bakken bad publikum reise seg då Anders sette utfor i andre omgang, og verdsrekordhaldaren vart møtt med enorm jubel. Men med 127 m og tre gongar 16 i karakter heldt det ikkje til å kunne hevde seg heilt i toppen. - Men det er så nær, så nær, sa Johan Remen Evensen.

Austerrikske Gregor Schlierenzauer slo til etter ein heller laber sesong og slo til med si tiande VM-medalje ved å hoppe seg opp til sølvplass, Severin Freund tok eit suverent gull med dagens lengste hopp på 135,5 m og bakkerekordl, og bronsen gjekk til Rune Velta, som tok si  tredje medalje i meisterskapen.

- Ikkje heilt slik som eg håpa på, men bra norsk dag. Ser bra ut framfor lagkonkurransen, sa honndølen til NRK etter rennet, og beskreiv hoppet sitt slik:

- Såg bra ut, så trefte eg noko luft som gjorde at eg vart i ubalanse, og det hang igjen i resten av hoppet.