Mariann Thomassen er ein av dei som står på startstreken når 71° nord – Norges tøffeste kjendis startar søndag kveld.

Popartisten frå Stryn er dermed klar for det som i følgje programleiar Tom Stiansen er den tøffaste utgåva av programmet så langt. Også deltakarane stadfestar at det har vore tøffe tak:

- Enkelte av etappene var så knallharde at eg heller hadde gått Vasaloppet 10 gongar rett etter kvarandre, viss eg kunne velje. 71° nord er noko av det tøffaste eg har vore med på, seier olympisk meister i langrenn, Vibeke Skofterud.

I tillegg til langrennsløparen får Mariann Thomassen selskap av glamourmodell Aylar Lie, skihoppar Bjørn Einar Romøren, komikar Nils-Ingar «Nilsi» Aadne, bloggar Emilie «Voe» Nereng, freestylealpinist Andreas Håtveit, langrennsløpar Hilde «GP» Gjermundshaug Pedersen, skihoppar Roger Ruud og radiovert Geir Schau.

Kjendisane skal mellom anna firast ned frå helikopter, kastast ut i fallskjermduell, klatre i stupbratte fjell og henge i nett høgt over den mektige Vøringsfossen.

To av deltakarane må også overnatte i ei dobbeltseng i Trollveggen, 1.420 meter over bakken.

– Kjendisane får verkeleg køyrt seg, og det er ikkje alltid lett å halde følelsane sine for seg sjølv når ein er utmatta. Sjølv dei aller sprekaste kjenner på kjellargolvet fleire gongar i løpet av turen, sier programleiar Tom Stiansen.