Sogn og Fjordane symfoniorketser, SOFORK, er fylket sitt eige orkester.

I ettermiddag inviterer orkesteret til konsert med musikk frå dei store musikalane i Operahuset Nordfjord. Etter å ha henta inn solistkrefter utanfrå dei siste åra, har ein i år basert seg kun på krefter frå eige fylke. Mellom anna får publikum høyre den unge sopranen Annika Beinnes (15) synge frå to operetter. Annika har røter i Stryn, og det er også musikarar heimehøyrande i indre Nordfjord med i orkesteret. Dirigent i år er Michael Pavelich, fylket sin eigen dirigent som opphavleg kjem frå USA, men som no er busett på Eid der han mellom anna er kunstnarisk leiar for Opera Nordfjord. Pavelich er utdanna songar og dirigent, og vil også vere solist under konserten. Elles vil publikum mellom anna få møte den unge barytonen Einar Bolstad (20), Helga Farestveit og Jonas Nyløy Navarsete. Alle tre er tidlegare medlemmer av ungdomskoret Røyst, som også vert å høyre under SOFORK-konserten i ettermiddag.