Alle innbyggjarane i Stryn og Hornindal fekk 1. mars sin eigen kjernejournal.

Ein kjernejournal er ei ny, elektronisk teneste som inneheld viktige opplysingar om helsa di. Denne journalen vil både du og helsepersonell ha tilgang til. Om du blir akutt sjuk, kan helsepersonell få rask og sikker tilgang til opplysingar i kjernejournalen din.

Kjernejournalen erstattar ikkje journalen hos fastlegen din, men er eit supplement som m.a. kan vere svært nyttig i ein situasjon der du blir akutt sjuk, opplyser Helsenorge.no. Vert du til dømes lagt inn på sjukehus der du tidlegare ikkje har vore pasient, kan sjukehuset raskt finne fram til viktige helseopplysingar om deg gjennom kjernejournalen.