Berit Oppheim frå Loen vartden heldige vinnar av 10.000 kroner i returkartonglotteriet somGrønt punkt Norge står bak. Berit har lenge levertmjølkekartongkubbe til NoMil si innsamlingsordning og vart lokalttrekt ut som ein av to kubbar frå Nordfjord. Desse vart så med iden nasjonale trekninga og der fekk Berit full pott. - Dette varlettvinte 10 000 kroner, var Berit Oppheim sin raske kommentar då hofekk overrekt diplom og blomster av dagleg leiar i NoMil SveinOttar Sandal .

- Eg har bretta og stappa i alle år så det vargledeleg å endeleg vere vinnar. Eg syns dette er ei enkel og greiordning for å bidra til gjenvinning av avfall, og eg vil berreoppfordre alle til å gjere dette, og så kan pengegevinst bli einbonus.

Alle kan delta Dagleg leiar i NoMil Svein Ottar Sandal seierat alle kan delta i dette lotteriet, privatpersonar, skular lag ogorganisasjonar. Ein skriv namn og telefonnummer på kubben ogleverer den i eit eige plastnett saman med papirleveringa. Einbrettar seks tomme drikkekartongar ned i ein open sjuandedrikkekartong. Det er ikkje nødvendig å ta av korkar. Mangevinnarar frå Nordfjord I Nordfjord har vi dei siste åra voreheldige og fått mange vinnarar, og særleg i Indre Nordfjord. I 2013fekk Tunåsen Barnehage i Hornindal og Ellen Jevnlid i Stryn kvar 10000 kroner og ei særleg merksemd frå NoMil. I 2014 var det ei damefrå Hyen som vann. - Så det viser at det nyttar å gjere denne veslejobben og vere heldig vinnar, seier Sandal, og viser til at ein iNordfjord ligg langt framme på gjenvinning av avfall.