Krim og spenning høyrer påska til her til lands. For dei som er på jakt etter litt nynorsk påskelektyre er det litt å velje i, både av kvinnelege og mannlege forfattarar. Frå Anne Kristin Bergset Oikonomaki frå Fjelli og hennar thriller som spenner frå Nordfjord til Kreta og Rune Timberlid sine bøker som føregår ulike stader i fylket til Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden som har lagt handlinga i sine krimbøker til Lom.

- Vi har ein del nynorsk krim, seier biblioteksjef Kristin Hatledal. - Dei er også tilgjengelege som e-bøker, om du skulle gå tom for spennande lesestoff på helgedagane.

Nynorsk krim og spenning som finst på Stryn bibliotek (nokre av dei er utlånt til påske):

Kai Martin Brekke: Nattergal

Magnhild Bruheim: Nattskrik

Magnhild Bruheim: Varselet

Magnhild Bruheim: Svart arv

Magnhild Bruheim: Utan englevakt

Magnhild Bruheim: Maskerade

Thore Eithun Helland: Farleg kreditt

Heidi Hjorteland: Utstøytt

Vigdis Kroken & Ragnhild Kolden: Død manns kiste

Vigids Kroken & Ragnhild Kolden: Døden kjem med bussen

Vigdis Kroken & Ragnhild Kolden: Evig skal døden vere

Lars Mæhle: Den mørke porten

Anne Kristin Bergset Oikonomaki: Smådjevlane

Rune Timberlid: Red Mercury

Rune Timberlid: Dødball

Rune Timberlid: St. Svithuns gåte

Rune Timberlid: Operasjon Siskin

Rune Timberlid: Satans mor