Kunstnar Eli Hørven Fjellkårstad stiller i påska ut bilde i eit heller utradisjonelt galleri: I vindauga til Moods of Norway sin hovudbutikk i Stryn.

- Vi hadde lyst til å finne på noko nytt, og samtstundes støtte ein lokal kunstnar, seier butikksjef Wenche Lindvik Aaning, som inviterte kunstnaren til å halde denne salsutstillinga.

Eli Hørven Fjellkårstad er utdanna ved EinarGranum kunstfagskole i Oslo (fagutdanning kunst).Arbeida hennar byggjer ofte på ein stil som vert karakterisert somgeometrisk abstraksjonisme.

- Eg måtte sjå gjennom alle bilda mine for å sjå om eg hadde noko som kunne høve. Og etter å ha sett gjennom, fann eg ut at eg hadde bilde som eg trudde kunne passe hos Moods, muntre bilde med fine fargar, seier kunstnaren til Fjordingen.

Ho seier utstililnga har vore ei positiv erfaring:

- Eg har aldri stilt ut i butikk før, men det er moro å sjå at det går an. Det tilfører noko nytt, bilda framstår som heilt annleis her. Det er moro, seier ho.

Utstillinga blir hengande til over påske.

Butikk Wenche Lindvik Aaning t.h. og kunstnar Eli Hørven Fjellkårstad. Til høgre bildet "People", som vert stilt ut for første gong. Foto: Gunnhild Sindre