Frå 1. april vert det innført røykfri arbeidstid i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Det vert også snusfri arbeidstid for tilsette som er i kontakt med publikum, som pasientar i tannhelsetenesta og elevar.

Dermed er det slutt med all bruk av tobakk, også snus, på vidaregåande skular og andre fylkeskommunale arbeidsplassar.

– Tobakk er ein stor trussel for folkehelsa, og vi vil gjere fylkeskommunen til eit tobakksfritt miljø, både for dei tilsette og dei som besøkjer oss, seier fylkesrådmann Tore Eriksen i ei pressemelding.

I 2013 vart det gjort omfattande endringar i tobakksskadelova, og sommaren 2014 vart føresegna om tobakksfri skuletid for alle elevar sett i verk. Denne føresegna gjeld berre for elevar, men det nye vedtaket til fylkesrådmannen inkluderer alle tilsette i fylkeskommunen.

– Dei nye reglane skal vere helsefremjande både for dei tilsette, dei som nyttar tenestane våre og for all aktivitet på fylkeskommunal grunn, seier fylkesrådmannen.

Fylkestinget gjorde vedtak i saka i desember 2014.

I samband med innføring av «Restriksjonar mot tobakksbruk», tilbyr fylkeskommunen avvenjingskurs for dei tilsette. Det er høve til å nytte statleg godkjente nikotinerstatningsprodukt.

– Vi arrangerer tobakksavvenjingskurs for dei som ynskjer det, og håpar at dei som treng det får god hjelp av dette, seier Eriksen.

Fylkesrådmann Tore Eriksen. Foto: Bengt Flaten