Dei to som sat på motorsykkelen er køyrde til sjukehus i Førde etter kollisjon mellom bil og MC på fv 60 i Stryn søndag kveld. Ulukka skjedde på Stryne-sida av Stavenestunnelen. AMK Førde opplyser at dei to er tilsynelatande lettare skadde.

Politibetjent Jan Tore Sunde opplyser at ein personbil som stod parkert på ei utvidinga på venstre sida av vegen køyrde ut i vegen utan at føraren oppdaga motorsykkelen som kom frå Stryn. MC'en traff bilens venstre bakskjerm før sykkelen stogga i autovernet fleire titals meter unna.

-To menn i 20-åra sat på motorsykkelen. Slik det ser ut no har dei hatt flaks, seier politibetjent Sunde. Førarkortet til bilisten er mellombels beslaglagt og saka vil bli vidare etterforska måndag. Det er ikkje mistanke om promillekøyring for nokre av førarane, og Sunde legg til at ingen ting tyder på at motorsykkelen har hatt høg fart. Det er 80-sone der ulukka skjedde.

Motorsykkelen vart liggjande delvis oppå autovernet etter kollisjonen med ein personbil. Foto: Bengt Flaten
Motorsykkelen traff bilen på sida. Foto: Bengt Flaten