I vårt fylke er det på Rema 1000 på Nordfjordeid at det vert spelt for størst beløp i pantelotteriet.  Her satsa kundane tomflasker for over 45.000 kroner i 2014.

Hakk i hel følgde Rema 1000 Førde og Rema 1000 Deknepollen. Når det gjeld andel av det som vart panta i kvar automat, var Meny Sogndal på topp der 10,1 prosent av panten vart nytta som innsats i pantelotteriet. Butikkane i Stryn og Hornindal nådde ikkje opp i denne konkurransen.

Røde Kors fekk i fjor inn over 26 millionar kroner frå dette lotteriet i heile landet. 1845 butikkar har slik pantelotteri.