Barnehagar i Stryn og Hornindal får i år besøk av politibetjent Eirik Krossen frå Stryn lensmannskontor. I nært samarbeid med vaksne skal politiet informere og syte for at barnesikringsutstyr er forsvarleg montert i bilane.

Teori og praksis

Sist veke hadde Eirik Krossen møte med foreldre og tilsette i Rand barnehage.

– Vi fekk via bilete og film sjå kva som skjer i høve ulukker, fortel Irene Åsland frå barnehagen. Ho seier tilsette snakkar med borna om trafikk, og meiner det er positivt at politiet brukar tid til kontroll og informasjon om tryggingsutstyr i bilane.– Vi ynskjer å syne visuelt med film og bilete kva som vert konsekvens ved feilmontert utstyr og ved total mangel av sikringsutstyr, fortel Eirik Krossen og utdjupar at å sjekke utstyr er førebyggjande og samarbeidstiltak.Han minnast at når publikum ser kva som skjer ved ulykker og feil sikring av born, ser somme vekk. Eit anna mål for barnehagesatsing, er å gjere borna medvitne til eigen tryggleik.– Born gjer slik foreldra gjer, ikkje slik foreldra seier, framhevar Krossen.

Samarbeid mellom politi og foreldre er nyttig for å førebygge alvorleg skade eller dødsulukker med born. Her er Kristine Normann Hellevang (med ryggen til), politibetjent Eirik Krossen, Elisabeth og Johan Normann Hellevang trygt sikra i bilen. Foto: Anne-Mari Aalberg

Sterkt inntrykk

Foreldra som kom til Rand barnehage var svært positive for kontroll av barnesikringsutstyret og om alt var forskriftsmessig montert. Elin Åsen uttrykker det Eirik Krossen fekk inntrykk av i møtet med foreldra.

– Filmsnuttane gjorde sterkt inntrykk, seier ho. Elin har alltid vore nøye med å bruke godkjent utstyr til borna, og såg fram til at utstyret vart kontrollert. Alle foreldra tok positivt imot politibetjent Eirik Krossen, og somme fekk gode råd i høve stramming av belte og festing av bilstolar.Krossen fekk sitt engasjement etter eit seminar om trafikktrygging og Aksjon skuleveg. Dette seminaret var i regi av Trygg Trafikk, Norsk Luftambulanse og Universitetssjukehuset i Oslo.

Ivrig leik: Politibetjent Eirik Krossen fekk raskt kontakt med borna utanfor Rand barnehage. Fotball er kontaktskapande. Foto: Anne-Mari Aalberg

– Halvparten har feil sikring i høve sikring av barn eller bagasje, seier Eirik Krossen og syner til forsking som presiserer at med rett sikring kan ein truleg nær unngå dødsulukker for born.