Stryn kommunestyre gjekk i dag samrøystes inn for å delta i Hoven Loen prosjektet med 12,5 millionar kroner i aksjekapital. Alle partia hadde hatt gruppemøte og gjekk for ordførar Sven Flo sitt endringsframlegg.

Adm. dir. Richard Grov (H)  på Hotel Alexandra, Rune Holen (V) og Ørjan Skåden (Sp) gjekk alle frå som inhabile under handsaminga av saka. Jofrid Rye Hestenes (Sp) hadde kalla inn vara Ola Ødegård. Ho møtte ikkje i kommunestyret på grunn av inhabilitet.

Etter at tilslaget var eit faktum, kom den eine etter den andre og gratulerte Grov, og Grov kvitterte med stor takk til Stryn kommune:

- Dette var eit utløysande vedtak. Det skal byggje Stryn og det skal bygge image.  Det skal bli lagt merke til internasjonalt. Til hausten startar vi byggjearbeidet, sa Grov.

Rune Myklebust (Sp) og Jon Olav Kvamme (Kr.F.) la ikkje skjul på at dei hadde vore skeptiske til at Stryn kommune skulle gå inn med så stor kapital, men som Myklebust sa det:

-  Det har vore gjort kloke val på reiseliv i Stryn, ofte med betydeleg risiko.

Aksjane skal finansierast gjennom bruk av kraftfondet med 12 mill. kroner og kapitalfondet med 500.000 kroner.