Strynkommune ber Statens vegvesen skåne areal for jordbruk og frukt/bærnår dei planlegg E39 gjennom Innvik og Utvik.

På oppstartsmøtet forE39 Byrkjelo – Grodås vart kommunane oppmoda om å gje tilbakmeldingpå verdiar ein bør omsyn til og planarbeid som kan ha betydning forvegprosjektet.

Det er teke utgangspunkt i trasé K10 indre linesom blei valt i konseptvalutgreiinga for E39. Dette omfattar tunnelunder Utvikfjellet frå Byrkjelo til Utvik, veg i dagen i Innvik,inn i ny tunnel til Frøholm, hengebru over til Svarstad på om lag70 høgdemeter, inn i tunnel ved Svarstad og ut i dagen att iMarkane.

- Stryn kommune ser at det vil vere ein fordel om vegenkjem ut i dagen aust for Utvik. Ein vil då ikkje kome i konfliktmed Utvik vassverk og kraftverk, og samstundes ikkje gå overinnmarksarealet i Utvik. I Utvik og Innvik er det intensiv bruk avjorda, med dyrking av frukt og bær. Kommunen ønskjer difor at einskånar mest mogeleg av innmarksarealet. Det kan gjerast ved atvegen ikkje går lenger ned enn 175 meter over havet, skrivplankonsulent Lisbeth Lervik Helset i brevet til Statens vegvesen.

Mellom Utvik og Innvik må ein finne løysingar på kryssing av E39,slik at det framleis er mogeleg å kome ti eksisterande skogsområdeog støylar i området.

- På Svarstad bør ein ikkje kome i konfliktmed eksisterande gard og deira innmarksareal, vert det påpeika.

Stryn kommune har under utarbeiding kommundelplanen forLangeset – Stryn – Storesunde. Denne vil vere delvis vere overlappandemed planen for ny E39 Byrkjelo – Grodås.

-  Val av trasé i områdetSvarstad – Markane vil difor ha innverknad på kommunedelplanen. Dethar kome fleire innspel på nye utbyggingsområde rundtSvarstad/Langeset. Kommunen ønskjer difor så tidleg som mogelegsignal på alternative traseval gjennom dette opprådet, heiter det itilbakemeldinga frå Stryn kommune.