Frode Briksdal, dagleg leiar i Briksdal Adventure, stiller seg uforståande til korleis ulukka med rib-båten kunne skje onsdag. Då han fekk telefon om at noko hadde skjedd, var han raskt ute med den andre rib-båten i selskapet.

Då eg kom på utsida av cruiseskipet Britannia såg eg ein mann kome svømmande inn til land. Ein annan flaut i vatnet. Han fekk eg opp. Så peikte dei andre gjestene i ulukkes-båten ned i vatnet. Langt nede, truleg på seks-sju meters djup, såg eg den gule dressen til kollegaen min. Eg kasta av meg jakka og stupte ned, fortel Briksdal.

På mirakuløst vis klarte han å kome heilt ned til kollegaen sin og få han opp.

- Eg mista han på veg opp, men fekk tak i han igjen og klarte å få han opp. Eg trur eg var nede i om lag eitt minutt. Vi starta hjarte og lungeredning med ein gong, og heldt på heilt til helsevesenet kom og tok over, seier Briksdal roleg. Tydeleg prega av hendinga dagen før.

Det knappe døgnet som har gått etter ulukka har vore svært tung.

- Det å ikkje vite korleis det går med kameraten min tek på, seier Briksdal stilt.

Helse Førde melder torsdag morgon at tilstanden er uendra. Det vil seie kritisk. 57-åringen som Briksdal omtalar som ein svært godt kvalifisert og erfaren sjømann ligg på intenstivavdelinga i Førde.

- Samtidig som vi er spente og går i uvisse, må vi drive aktiviteten vidare. I dag er eit nytt cruiseskip i Olden, og gjestar derfrå skal ha sine tilbod. Så eg skal sjølv køyre tur med rib i dag. Slik må det vere, seier Briksdal.

Politibetjent Tor Egedahl opplyser til Fjordingen at saka vert vidare etterforska, blant anna med vitneavhøyr av dei andre som var med i rib-båten. I følgje Briksdal var ni personar pluss føraren om bord då noko gjekk gale og dei tre personane ramla i vatnet.

-Det er uavklart kva som var årsak til ulukka. Ingenting tyder på at det var noko feil med båten, seier politibetjent Egedahl.