Glenn Rand (23) frå Hornindal minnast godt dei rolege sommardagane i Hornindal saman med venar.

Kva er årets ferieplanar?-Det vert å arbeide mest mogleg opp i mot bryllaupet neste helg, samt vere med familie og venar, og komponere musikk. Kva kjenneteiknar ein perfekt sommar for deg?- For meg er ein perfekt sommar utan tvil med dagar kor det er sol og varme. Campingtur med familien er gjerne ein av favorittane, men og fotball, bading og musikk. Kanskje ein tur til Bulgaria hadde vore kjekt?

Kva et du helst på denne tida av året? - Av måltid prøvar eg å ete mest mogleg variert. Om sommaren er grilling alltid godt, samt nachos/taco i helgane! Og litt fisk. Kvar tek du med deg sommargjestane som kjem til Nordfjord? - Sommergjestane tar eg gjerne med meg til Hornindal, kor eg viser dei rundt i sentrum, og ikkje minst i Kirkhornsbakkane. Elles ein rundtur til nærmiljøet som Stryn/Hopland/Eid.

Kva er ditt beste sommarminne frå barndomen?- Av beste sommerminne, må eg nemne to tilfelle. Eg og to av mine næraste var alltid i sentrum i Hornindal om sommerane, og kunne vere der i mange timar utan å gjere noko - Allikavel det beste som var. Mitt andre sommarminne var en spelejobb ilag med Georg Lipai.