– Er dette ein geithams (Vespa crabro), utrydda i Norge frå 1911 fram til 2007, var spørsmålet som dukka opp då dette insektet, bortimot 5,5 cm lang frå tuppen av brodden og fram til følehorna, vart funne i Hjelledalen nyleg.

– Nei, dette er ikkje ein geithams. Heldigvis og takk og pris, seier biolog med insekt som hovudfag, Alfred Bjørlo. – Dette er ein kjempetrekveps (Urocerus gigas). I motsetnad til geithamsen er denne heilt ufarleg. Kjempetrekvepsen legg egg i daude eller døyande grantre. Den store «brodden» vi ser på biletet er rett og slett eggleggingsrøret som han stikk djupt inn i treverket for å legge egg - den blir ikkje brukt til å stikke folk eller dyr med, og dei har ikkje gift i seg. Dei er ikkje uvanlege, men kjempetrekvepsen er likefullt eit imponerande syn som ikkje alle får oppleve å sjå! Merk også at dei ikkje er noko skadedyr for skogbruket: Dei angrip ikkje friske grantre. Så la kjempetrekvepsen leve, seier Bjørlo.

Geithamsen derimot, er ei anna historie.

- Han har lenge har vore utrydda frå Norge, men er no på veg tilbake til landet, truleg pga varmare klima. Geithamsen er - og ser ut som - ein stor stikkekveps. Han er i praksis heilt lik dei vanlege kvepsane som svirrar rundt oss på sommaren - berre større. Og dersom han stikk, er giftmengda større og stikka vondare, blir det sagt. Eg håpar og trur det er mange år til han også dukkar opp på våre trakter - vi har etter mitt syn meir enn nok med dei vanlege kvepsane! seier Alfred Bjørlo, som trass i si insektinteresse tidlegare har vore ganske så tydeleg på at kveps ikkje her blant hans favorittinsekt - tvert imot.