Doktorgradstudent, Wycliff Obiri Anyona, som i desse dagar dukkar opp på dørene og spør om ein vil kjøpe bøker, er det sikkert nokre som hugsar at frå i fjor sommar. Sosionomen er med i Norsk Bokforlags studentprogam, der afrikanske studentar frå fattige kår kan få søkje om å selje bøker for forlaget.

Sidan i fjor har kenyanaraen og kona, som og er student fått ein son som i dag er sju månader gammal. Obiri Anyona har i år fått med seg Obara Lawrence frå same distrikt i Kenya, til Norge, for å selje bøker. Lawrence, som er tobarnsfar studerar til ein mastergrad i Rural Development, noko som svarar til utvikllingsstudium her i landet.  - Utdanning er det viktigaste ein kan gje ein kenyanar. Det er den gode vegen ut av fattigdomen, fortel Lawrence. Sokneprest Olaf Gundersen frå Gloppen, har formidla både bustad samt framkomstmiddel for dei to kenyanarane i år.Han håpar folk vil ta godt i mot dei.

Kenyanarane Obara Anyona og Obara Lawrence håpar begge på at folk vil ta godt i mot dei. Foto: Simen Gald