Måndag gjekk startskotet for ei ny proffveke i Stryn, og mange ivrige og ambisiøse fotballspelarar i alderen 13-16 år var klare for å bli trent av dyktige instruktørar frå både inn- og utlandet.

Fjordingen snakka med nokre av proffveka sine spelarar, som uttrykte sin begeistring over treningsopplegget gjennom veka.

- Det skal bli spennande, ropte ein engasjert fotballgjeng frå grasbana, ved Stryn Stadion. - Vi gler oss til å få spelt mykje fotball, og håpar vi vert betre enn dei fleste, sa dei.

Kristine Rustøen (fv), Anna Johansdottier og Hedda Vatne Øvreberg var alle klar for litt oppvarming før treningen starta. Foto: Simen Gald