Sist helg var reiselivssjef Marita Lindvik til stades og fekk ein presentasjon av Råskap og dei andre programma på haustmenyen til TV3, Viasat4 og TV6.

Råskap blir omtalt av TV3 som «verdens råeste realitykonkurranse».Det er Ailo Gaup, av TV-kanalen omtala som «Norges tøffaste mann og selve personifiseringen av råskap», som skal leie programmet. Han skal presse dei 12 kjende idrettsutøvarane gjennom eit beinhardt styrke- og uthaldenheitsprogram i det kanalen kallar «Norges eget ekstrem- terreng, Stryn».

Perfekt for Stryn

Reiselivssjef Marita Lindvik har heile tida meint at konseptet passar perfekt i nettopp Stryn.

– Her har vi unik natur som skapar råe opplevelsar i seg sjølv. I vårt marknadsarbeid for å få fleire turisar til Nordfjord framhevar vi det som gjer oss unike i verdssamanheng. Fjordane og fjella, den lange kystlinja, isbreen kulturlandskapet, naturopplevingar, men også matopplevingar, kulturen, historia og aktivitetane, seier ho. No håpar ho at den forma for TV-profilering som serien gjev, vil føre til positive ringverknadar for regionen.

Idenditet og omdømme

– Serien kan gje Nordfjord-regionen eit positivt omdømme og identitet, seier reiselivssjefen-

– Trenden i tida er at eit aukande tal turistar ikkje berre ønskjer å vere passive beundrarar av naturen i distriktet, men kjem for å dyrke fritidsinteressene sine i han.

Opplevingar viktige

– Opplevingar, både dei som kan kjøpast og dei ein kan gjere på eiga hand, blir viktige i framtida, seier Lindvik.

Difor håpar destinasjonsselskapet at TV-serien skal skape merksemd om regionen og bidra til å gjere han interessant som opplevingsdestinasjon. – I lag med produksjonsteamet bak Råskap jobbar Reisemål Stryn & Nordfjord med å utarbeide filmar tilpassa dagens digitale kanalar, til bruk i marknadssamanheng, seier Lindvik. – Konseptet står i stil med våre temasatsningar og kan gje oss mulegheiter å byggje vidare på.

Hard konkurranse

Konkurransen om turistane er hard, det legg ikkje reiselivssjefen skjul på.

– Skal ein lukkast i den harde konkurransen, er heilskapelege reiselivsopplevingar, distribusjon og marknadsføring avgjerande. Såleis er det svært gledelig at vi får henvendelsar frå ulike produksjonteam frå inn- og utland som ønskjer å bruke vår unike natur som «bakgrunnsteppe» for sine produkt/tenester, seier Lindvik.

Lansering av Råskap: Langrennsløpar Vibeke Skofterud, frikøyrar Andreas Ygre Wiig, reiselivssjef Marita Lindvik frå Reisemål Stryn & Nordfjord, skihoppar/skiflygar Johan Remen Evensen og boksar Kai Robin Havnaa. Foto: RS&N
Ailo Gaup, mannen som sjøv er kjend som den tøffaste av dei tøffe, er programleiar for Råskap. Foto: Gunnhild Sindre