Lensmann i Stryn og Hornindal, Lasse Trosdahl, oppmodar folk om å vere kritiske dersom dei vert oppsøkte av omreisande steinleggjarar.

- Florø og Førde har hatt besøk av steinleggjarar og dei er no rapportert å vere på veg nordover. Folk har meldt frå både om varierande kvalitet på arbeid som er utført og arbeid som ikkje er ferdigstilt. Difor oppmodinga om å vere kritiske, og ikkje betale noko på forskott, oppmodar Trosdahl.