Paneldebatten ved Stryn vidaregåande skule tysdag vart ein politisk time med skulestruktur på programmet. Debatten samla ikkje berre seks ungdomskandidatar frå like mange parti, men og ein stor tilhøyrararskare. Både elevar og tilsette ved skulen, men og lokalpolitikarar og andre tilhøyrarar var til stades. Frå vår ståstad tolka vi stemninga til å vere både god og forventningsfull.

Ein skuledebatt lokalisert til ein av dei vidaregåande skulane som stod på fylkesrådmannen si nedleggingsliste – i den fjerde største kommunen i fylket – kunne blitt endå meir temperamentsfull og kanskje også amper, dersom det var lagt opp til noko slikt. Men både NRK sin debattleiar og panelet av politikarar skal ha ros for at debatten var sakleg frå start til mål.

Alle seks kandidatar var klare på at skule er viktig. Fire av dei seks var så klare at dei nærast gav garanti for at dagens skulestruktur skal bestå. I ein valkamp er det enkelt å love. Når ein kjem i posisjon og skal vedta politiske prioriteringar innafor eit gitt budsjett, vert det gjerne vanskelegare. Likevel meiner vi signala som kom fram er viktige å ta med seg. For når ungdomskandidatane til dei politiske partia gjer oppretthalding av skulestrukturen til ei så viktig sak, er det framtidas vaksne som snakkar. Ungdomskandidatane representerer dei som skal byggje samfunnet vidare. Når dei poengterer at vidaregåande skule er viktig å prioritere, må det gje gjenklang langt inn i dei enkelte partigruppene.

Og det ser det så langt ut til å gjere. Dei fleste parti som stiller til fylkestingsvalet er klare på at vidaregåande skule har høg prioritet. Så høg at fleire av dei vil ofre eller utsetje vegprosjekt for å sikre utdanningsinstitusjonane. Politikk handlar om å finne balanse og pengar til alle formål fylkeskommunen har ansvar for. På denne vektskåla er skule ein tungvektar. Fordi skule er klasserom, elevplassar og utdanningstilbod. Men og fordi skulane er ein svært viktig del av samfunnshjulet.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør