Innvik kraftverk AS hadde i fjor ein årsproduksjon på 47,5 GWh. Det tilsvarar straumforbruket til 2.375 husstandar.

- Vi har bak oss eit år med store vermessige variasjonar. Det gav seg m.a. utslag i at vi tredobla kraftproduksjonen i mars, medan slutten av året gav lite tilsig i magasinet på Skådistøylen, fortel prosjektleiar Kjell Opheim.

Innvik kraftverk kom i drift våren 2007. Størst produksjon så langt var i 2011 med 56,1 GWh. Under normale verforhold vil årsproduksjonen ligge på mellom 45 og 50 GWh.

Prismessig var ikkje 2012 noko godt år for kraftprodusentane

- I periodar var prisane svært låge og i snitt kom vi under det som låg inne i budsjettet, opplyser energisjef Jan Træen.