Senterpartipolitikarar i Stryn, Hornindal, Stranda, Ørsta og Volda har sendt brev til Samferdsledepartementet og statsministeren sitt kontor, der dei ber regjeringa gå for indre E39-line mellom Byrkjelo og Volda.

- Avisoppslag siste dagane kan tyde på at Senterpartiet står samla om det som blir kalla Gloppen S-en, men det er feil. Det må ikkje danne seg inntrykk av at Sp er samla om den løyysinga, seier ordførar Anne-Britt Øen Nygård i Hornindal og fylkespolitikar Per Kjøllesdal. Saman med partifeller har dei no sendt brev der dei seier at tunnel under Utvikfjellet og bru til Svarstad er mest lønsamt og mest framtidsretta. Dei viser til at dette er eit syn som har full støtte frå Møre og Romsdal og også nabokummunar på austsida av fjellet.

Les meir i papirutgåva.