Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) godtek rapporten som konkluderer med at det ikkje er skredfare i planområdet for massetak på Moldreim. Dermed trekkjer dei motsegna som vart reist i april 2012.

Grunnlaget for motsegna var at potensiell skredfare i planområdet ikkje var tilstrekkeleg utgreidd. Etter at Stokkebø Competanse AS gjennomførte geologiske vurderingar som konkuderer med at det ikkje er far for nokon typar ras, skred eller flaum, trekkjer NVE motsegna til reguleringsplan for massetak på Moldreim.