- Knutepunktstatusen må førast vidare for festivalane våre, meiner fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Ho sa dette Åshild Kjelsnes i si opningshelsing til20-årsjubilanten Norsk Country Treff. Denne er, saman med Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, fylket sine to festivalar med knutepunktstatus.

Fylkesordføraren omtalte i følgje ei pressemelding frå fylkeskommunen desse festivalane somkulturjuvelar i Sogn og Fjordane, knutepunktfestivalar som er vidtkjent for sin kvalitet og varme. Dei er begge leiande innan sinsjanger.

– Difor er det er viktig at regjeringa verdset arbeidetsom vert lagt ned. Det kviler eit stort ansvar for å gje dessejuvelane våre gode levekår i åra som kjem. For fylkeskommunen vertdette krevjande ut frå vår nye inntektskvardag, sa fylkesordførarÅshild Kjelsnes.

Einknutepunktfestival er nemninga på ein leiande festival på sittområde i Norge. Knutepunktstatusen gjev garanti for statlegeoverføringar til knutepunktinstitusjonen over statsbudsjettet.Fylkesordføraren gratulerte NCT med 20-årsdagen vedopningskonserten kvelden 10. juni.

- Personleg må eg seie at eg glermeg frå det eine året til det neste til Norsk Country Treff og egsmåtrippar utolmodig utover vinteren etter å få oversikt overartistlista, sa fylkesordføraren. Det vert spelt bortimot 13 timarsamanhengande livemusikk på festivalområdet både fredag og laurdagdenne helga. Deltakinga i konkurransen Norsk countrytalent er stor,20 band og artistar står på ei rekke scener rundt om i Gloppen påalt frå aldersheimar til barnas country, frå gatescener tilhovudscena.

- No er det snart ikkje stovereint å ikkje likecountrymusikk lenger! sa Kjelsnes, som er glad for den blomstrandeinteressa.