Det vart meir og meir spennande etter kvart som meisterkonserten under Landsfestivalen i gammaldansmusikk nærma seg utdeling av førsteprisen til vinnaren i kvar klasse.

Særleg vi frå Indre Nordfjord var spente når det gjaldt klassen fele/hardingfele, ettersom Britt Pernille Frøholm var blant «topp 3» i klassen.

Då nr. 3, Torill Aasegg, Heidal spel- og dansarlag  og nr. 2, Jørgen Nyrønning, Ålen spell- og danselag var oppropte, skjøna vi at norgesmeisteren i feleklassen var frå Hornindal.

Vi fekk tak i Britt Pernille på telefonen på veg heim.

- Kva synest du no?

- Dette var kjekt. Eg følte eg lukkast med spelinga og er sjølvsagt strålande glad.

- Du veit at vinnarane i alle klassane skal ha meisterkonsert i Operaen i Oslo den 23. november?

- Ja, det blir kjekt. Eg gler meg allereie. Nesten alle billettane er selde, interessa er stor. Det er på same tid som Oslo-kappleiken same helga, så eg har avsett tid til å vere med.

- For meg har denne helga i Steinkjer vore inspirerande til vidare øving, sa ein nøgd norgesmeister, Britt Pernille Frøholm, til Fjordingen.

Britt Pernille Frøholm får premiane sine av dagleg leiar i FolkOrg, Linda Dyrnes. Foto: Leif Vinsrygg