Anders Fannemel og resten av hopplandslaget set i dag kursen for Sommar-Grand Prix. I løpet av sommaren har han fått nokre dagar i godveret heime i Hornindal, og nytta høvet til å få nokre svev på heimebane. Denne gongen i form av stup i populære Dønefossen.

No er han klar for hoppkonkurransar, men håpar på å få noko lågare temperaturar enn vi har hatt her i området i det siste.

- Ja, vi får satse på det, seier honndalshopparen.

Totalt 10 hoppkonkurransar, ni individuelle og ein for lag, skal avviklast i sju ulike anlegg i løpet av Sommar-Grand Prix, opplyser FIS på sine nettsider.

For første gong skal opne konkurransar haldast i Wisla, Polen, og FIS ventar at store folkemenger vil samle seg der når lagkonkurransen går av stabelen i 134-metersbakken Adam-Malyz hill fredag og den individuelle konkurransen laurdag.

Dette vil vere dei første tevlingane på heimebane for den dobbelte olympiske meisteren Kamil Stoch sidan han tok sine gullmedaljer i Sotsji.