Stryn sine 14-års gutar i Dana-cup i fotball viser solide takter i meir enn 30 grader pluss. Dei har spelt sine tre kampar i gruppespelet, men onsdag kveld var det uklart om dei kom til A- elller B-sluttspel. I den første kampen spelte dei uavgjort 1-1 mot Brodd frå Stavanger etter at "Dana-nervar" spelte dei eit puss i starten. Sigmund Kjøsnes laga målet. Etterkvart sette laget seg, og Brodd skal prise seg lukkelege for at dei fekk eine poenget.

I den andre kampen som gjekk i dag møtte dei islandske Breidablik. Stryningane storspelte og vann 4-0 etter to mål av Sigmund Kjøsnes og eitt mål kvar av Anders Gardshaug og Sander Øen Omberg. Seint i kveld tapte Stryn for knallsterke HamKam med 2-0.

Jenter 13 er klare for A-sluttspelet etter at dei tidlegare i dag slo Kongsberg 3-0. 15-årsjentene tapte i dag 5-0 mot Alnø frå Sverige og møtte seint i kveld Skeid i siste kamp i gruppespelet. Her vart det 0-2 i ein jamn kamp. Med dette blir det B-sluttspel på 15-årsjentene.